-
Stoler på Montessori
Lekegrinda intervjuer Solveig Barstad fra TV2
Barstad tok over den krevende
jobben som TV2's forbrukerjournalist etter Arve Juritzen. Bedriftseiere
med urent mel i posen slamrer dører i ansiktet på Barstad
og co har fått blod på tann. Hjemme er hun rettferdig mor til
to små, en like krevende oppgave, skal man tro. Montessori-pedagogikken
hjelper Barstad med å holde klare grenser.
Hvordan er det å være mor og samtidig kjendis?
Eg har problem med å sjå på meg sjølv som
kjendis! Dessutan trur eg ikkje det å vere kjendis påverkar
korleis det er å vere mor.
På hvilken måte endret det å få barn på
livet ditt?
Du blir jo meir bunden, i den forstand at du får ansvaret
for andre enn deg sjølv. Samtidig er det ikkje noko som kan gi større
glede enn det å få barn! Dei små kvardagsøyeblikka
med ungane dine er vel det næraste ein kan komme det litt pompøse
uttrykket lykke.
Hva er du mest redd for at barna dine skal komme ut for?
Eg har jo ganske små barn (2 og 7 år), så eg er
mest redde for at dei skal bli utsett for ei eller anna ulykke - bil, fall
eller ein annan situasjon, vi som foreldre ikkje har herredømme
over. Til eldre du blir, di meir forstår du kva "farer" ungane dine
kan bli utsett for, og di reddare blir du, trur eg.
Hva er ditt favorittferiested - med barn?
Mine svigerforledres hytte på Tjøme, er ein drøm
for både store og små - ei naturtomt, trygt unna biltrafikk.
Stor nok til at alle kan få slappe av og nyte ferien, liten nok til
at ungane kan leike på eiga hand, men samtidig ha familien rundt
seg.
På hvilken måte er du en dårlig mor?
Som dobbeltarbeidande mødre flest, er eg vel litt for utålmodig
og sliten, til alltid å lytte godt nok til ungane mine.
Dårlig samvittighet er alle foreldres følgesvenn. Tror
du at du sliter med mer dårlig samvittighet enn andre?
Nei, eg trur ikkje eg har meir dårleg samvit enn andre foreldre.
Eg trur at alle familiar må finne ut av korleis dei vil ha kvardagen
sin, og ikkje samanlikne det opp mot eit eller anna ideal, som kanskje
ikkje finst! Ofte henger vi oss opp i bagatellmessige problem, istadenfor
å sjå gleda i små ting.
Oppdragergjerningen er alltid en utfordring. Hvilken metode sverger
du til?
Eg trur på å sjå på barna som eit eige individ.
Dessutan treng barn klare grenser, dei kan ikkje få lov til alt....Til
dømes er det viktig at dei får delta i familien sine små
og store gjeremål. Enten det er å dekke bordet eller vere tilstades
mens voksne snakkar, og må vente til det blir "deira tur". Då
lærer dei seg til å vere ein del av eit heile, og må
ta omsyn til andre. I tillegg er eg etterkvart blitt veldig oppteken av
Montessori-pedagogikken, fordi begge ungane mine har gått i Montessoribarnehage,
ein drøm for små barn!
Ønsker du deg flere barn?
Den som lever får sjå........
Hilsen Solveig Barstad |